Utlysing for ph.d.-kandidatar: Meisterklasse med Sheila Jasanoff

Hobergprisvinnar Sheila Jasanoff (Foto: Martha Stewart)
Hobergprisvinnar Sheila Jasanoff (Foto: Martha Stewart)

Vi ynskjer å invitere fem ph.d.-stipendiatar i dei nordiske landa til Bergen den 7 . juni, for å delta i meisterklasse med årets holbergprisvinnar, Sheila Jasanoff. Temaet for diskusjonen er “Technology and the Human Future”.

Doktorgradsstipendiatar i dei nordiske landa kan no søke om å delta i meisterklasse med holbergprisvinnar Sheila Jasanoff tysdag den 7. juni, kl. 13.00-15.00. Utgifter til transport og opphald vil bli dekt av Holbergprisen, og dei som får plass vil òg få tilbud om å delta som gjestar på det offisielle programmet under Holbergveka 7.-10. juni. Søknadsfristen er 1. mai. Arrangementet er ope for publikum. Det vil bli direktesendt, og video vil bli liggjande på YouTube.

“Technology and the Human Future”

Temaet for årets meisterklasse er “Technology and the Human Future”. Sjå engelsk versjon av denne sida for nærare omtale. 

Om Sheila Jasanoff

Sheila Jasanoff blir tildelt Holbergprisen i 2022 for hennar framifrå forskning innan vitskaps- og teknologistudiar. Jasanoff er Pforzheimer Professor of Science and Technology Studies ved the John F. Kennedy School of Government, Harvard University. Som ein av dei mest sentrale forskarane i utviklinga av “Vitskaps- og teknologistudiar” (STS), har Jasanoff skapt eit unikt, tverrfagleg forskingsfelt i møtet mellom STEM-faga og samfunnsvitskap, humaniora og kunst (Social Sciences, Humanities & the Arts for People and the Economy – SHAPE).

Førebuing

Som deltakar vil du bli bedt om å førebu eit innlegg på 5 minutt relatert til temaet. Utover kjennskap med tekstane oppgitt som relevant lesning under, ber vi òg om at deltakarane førebur spørsmål og kommentarar til professor Sheila Jasanoff på førehand. Diskusjonen kjem til å føregå på engelsk, og vi gjer merksam på at dette er eit opent publikumsarrangement.

Relevant lesning:

  • In Sheila Jasanoff and Sang-Hyun Kim, eds., Dreamscapes of Modernity: Science, technology and the Fabrication of Power (Chicago: University of Chicago Press, 2015)
    • Felt, Ulrike, “Keeping Technologies Out: Sociotechnical Imaginaries and the Formation of Austria’s Technopolitical Identity,” pp. 103-123.
    • Hurlbut, J. Benjamin, “Remembering the Future: Science, Law and the Legacy of Asilomar,” pp. 126-149.
    • Jasanoff, Sheila, “Future Imperfect: Science, Technology, and the Imaginations of Modernity,” pp. 1-30. 

Also:

  • Adam, Barbara and Chris Groves, “Futures Tended: Care and Future-Oriented Responsibility,” Bulletin of Science, Technology & Society, Vol. 31, No. 1 (2011), pp. 17-27. 
  • Jasanoff, Sheila, “Life’s Purposes,” in Can Science Make Sense of Life? (Cambridge: Polity, 2019), pp. 169-179. 
  • Jasanoff, Sheila and Sang-Hyun Kim, “Sociotechnical Imaginaries and National Energy Policies,” Science as Culture, Vol. 22, No. 2 (2013), pp. 189-196.
  • Jasanoff, Sheila, “In a Constitutional Moment: Science and Social Order at the Millennium,” in B. Joerges and H. Nowotny, eds., Social Studies of Science and Technology: Looking Back, Ahead, Yearbook of the Sociology of the Sciences (Dordrecht: Kluwer, 2003), pp. 155-180.
  • Jonas, Hans, “Toward a Philosophy of Technology,” The Hastings Center Report, Vol. 9, No. 1 (1979), pp. 34-43. 
  • Kelly, Duncan, “The Politics of the Anthropocene in a World After Neoliberalism,” Boston ReviewVol. 16 (March 9, 2021), pp. 145-157. 
  • Latour, Bruno, “Love Your Monsters: Why we must care for our technologies as we do our children,” Breakthrough Journal, No. 2 (Fall 2011), pp. 19-26.
  • Latour, Bruno, “Fifty Shades of Green,” Environmental Humanities, Vol. 7 (2015), pp. 219-225.
  • Noble, David, “Social Choice in Machine Design: The Case of Automatically Controlled Machine Tools, and a Challenge for Labor,” Politics and Society, Vol. 8, No. 3-4 (1978), pp. 103-112.
  • Tooze, Adam, “The Sociologist Who Could Save Us From Coronavirus,” Foreign Policy (August 1, 2020), pp. 1-16.
  • Winner, Langdon, “On Not Hitting the Tar Baby,” in The Whale and the Reactor: A Search for Limits in an Age of High Technology (Chicago: University of Chicago Press, 1986), pp. 138-154.

Korleis sende søknad

Du kan søke om å delta ved å fylle ut skjemaet under. I skjemaet vil du bli spurt om å skrive eit kort motivasjonsbrev (maksimum 3500 tegn) og legge ved CV og kontaktinformasjon. Søknadsfristen er 1. mai, 2022.

Om du har spørsmål til arrangementet, søknadsskjemaet eller praktiske ting, er du velkommen til å ta kontakt med prosjektleiar Holbergsekretariatet på adressa info@holbergprisen.no.

Sist endret:

Publisert:

Relatert innhold