Endeleg er det klart kva skular som får delta i Holbergprisen i skolen 2025/2026!

Skuleåret 2025/2026 er den 23. runden av Holbergprisen i skolen, og i år igjen har skular frå heile landet søkt om å få delta. No er det endeleg klart kva 20 skular som får vere med i forskingskonkurransen, og dei nesten 1000 elevane som deltek kjem frå vidaregåande skular over heile landet, frå Longyearbyen i nord til Grimstad i sør.

Over 1000 lærarar og elevar deltek

Blant dei mange søkarane har Holbergprisen i skolen sin fagjury valt ut 20 deltakarskular som skal få bli kjent med forskarverda i år. Skulane er spreidd utover heile landet, og dei representerer både fagleg og metodisk variasjon innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga.

Fram mot innleveringsfristen i april får elevane og lærarane fagleg oppfølging av ein forskarkontakt, som kjem til skulane for å rettleie elevane i forskinga deira. Lærarane vil få fagleg påfyll gjennom fleire seminar i prosjektperioden.

Møte med høgare utdanning

For mange av elevane blir dette deira første møte med universitetet og høgskulen. Dei vil få kjennskap til kva desse institusjonane representerer, og innsikt i kva dei kan tilby. Eit hovudmål for Holbergprisen i skolen er å skape interesse for dei samfunnsfaglege og humanistiske faga. Vi ønskjer at elevane skal få innsikt i kva forsking er, både for at dei skal sjå på forsking som eit mogleg yrkesval og vite kva som møter dei i høgare utdanning, men óg for at dei skal vere betre rusta når dei møter forsking i media i kvardagen sin.

Holbergprisen i skolen ønskjer å bidra til å førebu elevane på vidare studier gjennom deltakinga deira. Dei vil få øve seg på å lese lange akademiske tekstar, forstå korleis metodeval heng saman med problemstilling og resultata ein får, og få god trening i å skrive akademiske tekstar. Dei må lære seg å jobbe sjølvstendig og å strukturere arbeidet sitt på ein føremålstenleg måte. Vi håpar at deltaking i Holbergprisen i skolen gir elevane den tryggleiken dei treng for å gå ut i høgare utdanning etter vidaregåande.

Dei to vinnarane av lærarprisen i 2025, Øyvind Skaarer og Ingrid Krogh Nøstdal, fortel i eit intervju om dei store stega elevane deira tok gjennom arbeidet med forskingsprosjekta sine. Dei seier dei såg ei “synlig akademisk og intellektuell utvikling”, og at dei gler seg over kor “stolte og kry” elevane blei over det dei fekk til.

Sjå heile intervjuet med Skaarer og Nøstdal i videoen under:

Møte med ein “ekte” forskar

Lise Camilla Ruud er professor ved Universitetet i Sørøst-Norge og har vore forskarkontakt for elevar ved Drammen vidaregåande skule dei to siste åra. Ho fortel at det “absolutt fineste med å være forskerkontakt er at jeg får muligheten til å bidra til at alle elevene kan få oppleve at de faktisk kan utgjøre en forskjell i samfunnet.” Ho viser til at det har vore stor interesse for forskinga deira i t.d. Drammen kommune. Ho nemner óg at ho sjølv tek med seg både tema og forskingsfunn frå elevane inn i sitt eige arbeid ved USN.

På USN ser ho at mange nye studentar slit med overgangen frå skule til høgare utdanning og meiner at “Holbergprisen i skolen har åpenbart en viktig rolle å fylle her”. Konkurransen fungerer som ein arena der elevane “kan få utfordre seg selv”, men bidrar óg til at dei blir førebudd på det som møter dei når dei kjem på universitet og høgskular. Ruud peiker på at dei må gå gjennom alle delar av ein forskingsprosess, frå å velje tema, samle inn data, analysere og skrive tekstar med akademisk språk og struktur.

“Mitt inntrykk er at elever får veldig mye ut av å være med på konkurransen (…) Gjennom dette blir de mer studieforberedte og de forstår mer av hva vitenskap og forskning er, og om de selv har lyst til å studere ved et universitet.”

– Professor Lise Camilla Ruud, USN

Som forskarkontakt har Ruud vore borti mange spennande og kreative tema, og greier ikkje å trekke fram berre eitt eksempel frå mengda: “Jeg syns egentlig den enorme variasjonen i temaer er det morsomste.” Ho rettleia elevar ved Drammen vidaregåande skule som leverte finalistartiklar i både 2024 og 2025.

Lise Camilla Ruud (andre fra venstre) saman med Malin Eckhoff Årnes og lærarane hennar, Karen Marie Mikkelsen (t.v.) og Hilde Lærum frå Drammen vidaregåande skule. Årnes vann andreprisen i Holbergprisen i skolen i 2024.
Foto: Silje Katrine Robinson.

Nye elevar, nye prosjekt

Når elevane sjølv får velje kva dei vil forske på, viser dei stor kreativitet og gir oss innblikk i kva dei er opptekne av. Dei siste åra har vi sett forsking på Trump og fascisme, KI i skulen, riddarforteljingar frå mellomalderen og kvinnelege leiarar.

Her er ei liste over skulane som deltek i år:

  • Longyearbyen skule (Troms)
  • Aust-Lofoten vidaregåande skule (Nordland)
  • Wang Toppidrett Hamar (Innlandet)
  • Hadeland vidaregåande skule (Innlandet)
  • Ålesund vidaregåande skule (Møre og Romsdal)
  • Bergen Katedralskule (Vestland)
  • Vestby vidaregåande skule (Akershus)
  • Frogn vidaregåande skule (Akershus)
  • Nesodden vidaregåande skule (Akershus)
  • Sandvika vidaregåande skule (Akershus)
  • Jessheim vidaregåande skule (Akershus)
  • Blindern vidaregåande skule (Oslo)
  • Bjerke vidaregåande skule (Oslo)
  • Drammen vidaregående skule (Buskerud)
  • Oslo by Steinerskule (Oslo)
  • Askim vidaregåande skule (Østfold)
  • Arendal vidaregåande skule (Agder)
  • Dahlske vidaregåande skule (Agder)
  • Sola vidaregåande skule (Rogaland)
  • St. Olav vidaregåande skule (Rogaland)

Vi ønskjer alle deltakarane i årets konkurranse lukke til med forskingsarbeida i tida framover!

Sist endret:

Publisert:

Relatert innhold