2.05.2017
Kvifor har ein sett ein vekst av høgrepopulisme i Ungarn og Polen dei siste åra? Er det berre utdanningsmoglegheiter som gjer at ungdom vel å flytte frå små stader? Korleis er kvardagen på eit asylmottak? Har media skapt unødig frykt for Donald Trump? Dette er nokre av spørsmåla elevar ved 12 norske skular har freista finne svar på i årets Holbergprisen i skolen.