Akademisk nynorsk

Vi oppfordrar deltakarane våre til å skrive på nynorsk, enten dei har det som hovudmål eller sidemål. Det er ei god øving i språk å skrive ein lang tekst, så kvifor ikkje nytte høvet til å bli ein betre nynorskskrivar?

Illustrasjon: Colourbox.com / Valery Vasilyeu (#48650976)

På denne sida har vi samla nokre nyttige ressursar for dei som ønskjer å skrive fagteksten sin på nynorsk.

Kristin Fridtun skreiv i 2011 teksten “Nynorsk for studentar“, eit hefte som blir kalla “naudhjelp” til studentar som skal skrive akademiske tekstar på nynorsk. I denne teksten finn du ei enkel oversikt over grammatikk, ordlister med ord ein ofte møter i fagtekstar og nyttige frasar du kan bruke for å få den gode nynorsk-stilen på teksten din. De kan òg følgje eit kurs som Fridtun har laga for NTNU, som ligg ope tilgjengeleg på YouTube:

Del 1 i serien “Nynorsk med Kristin”, frå Kristin Fridtun,
Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, NTNU.

Ordval

På Språkrådet sine sider kan de finne ei liste over mykje brukte administrative ord og korleis du kan skrive dei på nynorsk. På Termportalen til Universitetet i Bergen kan du finne hjelp til å velje norske termar og fagomgrep, både på bokmål og nynorsk.

På Språkrådet sine nettsider kan de finne andre nyttige nynorskressursar. Ei slik ressurssamling finst òg på Nynorsksenteret sine nettsider. Her finn de blant anna ei samling frasar som kan hjelpe dykk å formulere gode setningar på nynorsk.

Når de er usikre på eit ord, så er sjølvsagt ei ordbok den beste staden å leite etter svaret. På https://ordbokene.no/nno finn du både bokmål og nynorsk, og forslag til omsetjingar der kor målformene skil seg frå kvarandre.

Lytt deg til eit betre skriftspråk

Biblioteka ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Østfold og Nord Universitet har med støtte frå Nasjonalbiblioteket utvikla Podkasten om akademisk skriving. Her kan du høyre ekspertane snakke om akademiske omgrep, bruken av “eg” i fagtekstar, korleis lage ei god problemstilling og mange andre nyttige tema.

Kjelder og vidare lesing

Almenningen, O. (2006) Innføring i nynorsk for høgare utdanning.
oslo: Det Norske Samlaget

Breivega, O. (1993) Råd for uråd. Vegvisar gjennom nynorske minefelt.
oslo: Det Norske Samlaget

Eiksund, H., Juuhl, G. K., & Sjøhelle, K. K. (2022). Nynorskdidaktikk. Det Norske Samlaget.

Rommetveit, M. (2007) Med andre ord. Synonymordbok med omsetjingar
frå bokmål til nynorsk
. oslo: Det Norske Samlaget. Tredje utgåva.

Forskningsressurser

Sist endret:

Publisert:

Skrive av:

Bilde av Holbergprisen i skolens sekretariat

Holbergprisen i skolens sekretariat