Mini-feltarbeid

Mini-feltarbeid med tema «Køkultur i kantina» på skolen

Utarbeida av Linda Romøren, Randaberg videregående skole. Heile teksten kan lesast på sida Linda Romøren – Lærarprisvinnar 2016

Formål: å få ei viss forståing for observasjon og deltakande observasjon

Fag: Sosiologi og sosialantropologi og norsk, vg2, studiespesialiserande program

Tid: ca 1 veke

Gjennomføring:

Del 1: Førebuing

Elevane teikna tankekart, fyrst i grupper, så i fellesskap, over kva køkultur kunne vera. Dei grupperte «funna» sine i observerbare og ikkje observerbare karakteristika, og måtte så tenka igjennom korleis dei kunne innhenta denne informasjonen (val av metode). Karakteristika elevane fann gjennom eigne observasjonar vart så grupperte etter kategoriar dei sjølve foreslo og måtte definera:

Innspel frå læraren Oppsummering av tankekart frå gruppene 
Kva er køkultur? Lag eit tankekart over kva køkultur kan vera. Finn definisjon på kultur! Hypotesedanning/karakteristika: Vi tenker på bakgrunn av eigen erfaring at køkultur handlar om: å venta, å venta på tur, å stå på rekke, å følgja reglar, å ikkje følgja reglar/regelbrot, oppførsel, tempo, høfleg adferd, at nokon bestemmer, nokon vert utålmodige, service, har eit formål, deltakarar, tankemønster, ekspedering, effektivt, kjedeleg 
Kva punkt tenker du vert vanskeleg eller umogeleg å observera? Reglar, kven som bestemmer, tankemønster, når folk vert utålmodige, kvifor vi har denne kulturen 
Korleis kan du skaffa informasjon om det som ikkje kan observerast?? Spørje, intervjua, lese om det, kjeldegransking 
Er det nokon av punkta som høyrer saman? (Høyrer til same  kategori?) Adferd: Tempo, rytme, høflegheit, oppførsel, ekspedering 
System: Reglar, regelbrot, stå på rekke, at nokon bestemmer 
Tid: Venting, ta tur, tempo, effektivt, rytme  etc. 

Del 2: Innføring i teori:

Før observasjon fekk elevane også innføring i forskjellar på observasjon og deltakande observasjon, i rolleteori samt forskingsetikk.

Del 3: Observasjon:

Alle måtte observera minst 15 minuttar, samt ta feltnotatar med kategoriane frå del 1 berre som hjelpepunkt siste gongen. Elevane fekk tips om at studiet kunne utvidast ved å samanlikna minst to ulike typar køar til, til dømes bilkø og busskø. For vår del noterte vi dette ned etter minne for å spara tid, og med komparasjon som formål.

Del 4: Produksjon og tolking av data:

A. «Funn» frå feltarbeidet vart oppsummerte på tavla. Elevane fekk her trening i å etablera analytiske kategoriar til vidare bearbeiding av stoffet.

KØ- KULTUR 
Dere skulle observere følgende i kantinekø og helst en annen kø i tillegg (kinokø, busskø, trafikk-kø eller andre køer):  
 STRUKTUR:  
 1) Har denne køen et “system”? Hvordan fungerer det? 
FORMÅL:
  2) Hva er formålet med denne køen? 
NORMER:  
3) Er det noen normer som regulerer det som foregår i køen? Hvilke da? Hva skjer om noen bryter disse normene? 
METODE:  
4) Er det noe av dette som ikke kan observeres? Hva skal jeg da gjøre for å få tak i denne informasjonen?
 Linda sine kommentarer:
Elev 1 om kantinekø Normalt å stå veldig tett.*A) 3-4 personer i bredden. Å komme frem til kassen for å kjøpe mat eller drikke.   Noen som står i køen med vennene sine selv om de ikke skal kjøpe  mat eller drikk*B).  De fleste følger normene*C), men noen sniker.  Om du sniker i køen kan du oppleve at noen sanksjonerer mot deg på en negativ måte. Ofte blir bare folk irritert inni seg istedenfor å uttrykke det.   Alt dette kan observeres utenom det med at folk kan bli irriterte inni seg. Det kan du finne ut ved å for eksempel intervjue folk som står i køen.   *A) Hva vil veldig tett si? *B) Kan formålet da være rent sosialt? Dette måtte vi spurt om, lar seg ikke observere. *C) Hva er normene her da?  
Elev 2 om kantinekø Køen strekker seg opptil 10 meter i friminuttene.   Folk står oftest med en eller flere kamerater, men splittes når de kommer til kassen.   . Å kjøpe mat og drikke.  Ja, det er normer som regulerer denne køen. Sniking er den mest sentrale. Hvis noen sniker er det folk som vil si ifra. *A) De kan også bli sinte eller irriterte.  Uskrevne regler kan være vanskelige å observere. Du kan eventuelt bryte en regel, for å se hvordan køen reagerer.    *A) Har du hørt dette? Hva sa de? 
Elev 3 om kantinekø De som kommer først er først til kassen og de som kommer etterpå må vente. Opprettholde orden, forhindre slåssing. Ingen skal snike og ingen dytte. Gjør du det blir du hevet ut eller bakerst. Dersom folk blir utålmodige eller sinte, kan dette ikke observeres.  
Eksempel frå oppsummeringa av funn

B) Elevane føreslo sjølve kategoriane (raudt i figur 1 nedanfor) dei ville gruppera under, omgrep dei måtte definera tydeleg og vera einige om tydinga av, samt sjekka tydinga av opp mot pensumteori. Døme:

Figur 1: Døme på kategorisering

C) Desse «operasjonaliserte» omgrepa (Koretzinsky, 2008:65) avvik, variasjon, sosial adferd, tid, system, subjektive funn osv., vart så knytt til relevant teori ved rask gjennomgang i plenum.

Del 5: Byrjande analyse:

Elevane fekk samanlikna funna sine med dei hypotesane dei starta ut med, og med relevant teori.

Andre øvingar frå Romøren sin rapport:

Kortspel

Eit kortspel der elevane får øve seg på både samhandling når verbalspråket blir tatt frå dei, og å kategorisere reaksjonane i etterkant.

Etisk refleksjon

La elevane reflektere rundt forskingsetiske spørsmål med utgangspunkt i utdrag frå “Håvamål”. Denne kan fungere som eit tverrfagleg opplegg med norsk og andre fag.

Kartlegging av teoribehov

Elevane må sjølve ta stilling til kva dei må settje seg inn i av teori, og kva for kjelder som er relevante for nett deira prosjekt.