
På desse sidene finn du god hjelp for alle fasar av skriveprosessen.
Alle som driv med skriving, seier det same: Start skrivinga så tidleg så mogleg! Det er ingen vits i å vente til du er “ekspert” på emnet før du set i gong med skrivinga. Det er ingenting som er verre enn å stire på eit tomt ark når ein eigentleg burde vere godt i gong med teksten. Dersom du begynner med å skrive ned lause tankar heilt i oppstarten av prosjektperioden, så vil du alltid ha noko tekst du kan jobbe med.
Det er ingen grunn til å bekymre seg for struktur og rettskriving i oppstarten, ikkje eingong innhald. Berre skriv! Du må likevel endre på alt seinare. Og sidan du heile tida må hoppe rundt i teksten når du jobbar, så er det ingenting som krev at du begynner med noko bestemt. Kvifor ikkje begynne med den delen du har mest lyst til å skrive eller syns du har mest å seie om?
I Akademisk skriving kan du lese om kva det inneber å skrive ein akademisk tekst og i Innhold kan du finne tips til kva som bør vere med i ein vitskapleg artikkel. Når du kjem så langt på veg at du faktisk har ein del innhald, så er det på høg tid å begynne å strukturere stoffet. I Struktur finn du fleire malar for korleis det kan vere hensiktsmessig å bygge opp teksten din. Ver obs på at desse malane ikkje er meint som nokon fasit, men eksempel som skal illustrere ulike moglegheiter.
Sist endra:
Publisert:
Skrive av: