Når ein skal forske på kjønn og eller seksualitet kan ein forske både på systemer, kultur eller opplevelse av identitet. Ein kan også bruke kjønn eller seksuell identitet som parametre i en undersøkelse.
Kjønn er ei av dei mest inngripande avgrensingane mellom menneske me gjer. Kjønn som skiljeline går på tvers av kulturar, men kjønn har ulik tyding i ulike kulturar og i historiske periodar. Ein kan også oppleve kjønn ulikt i ulike aldrar. For elevar på barneskulen tyder kjønn gjerne noko anna enn for dei som går på ungdomsskulen og vidaregåande.
Når du skal forske på kjønn er det lurt å bestemme deg for om du skal analysere kjønn som eit system, kjønn som kultur eller kjønn som identitet. På den eine sida kan kjønn fungere som ein merkelapp på kroppen. På den andre sida kan det samstundes vere ein grunnleggjande struktur som har stor innverknad på korleis me lever, eller kan leva, liva våre.
Seksualitet er et tema som heng saman med kjønn. Seksualitet handlar også om kropp, kultur og samfunn. Begge er tema som mange har sterke meiningar om fordi alle har erfaring med det. Samstundes er seksualitet eit tema som mange tykkjer er sensitivt eller flaut å snakke om. Difor er det ekstra viktig å avklare kva me spør om, og kva me skal bruke det til, når me forskar på slike tema.
Kjønn som merkelapp og kategori
Kjønn kan forståast som eit sett kroppslege kjenneteikn som også nyttast som ein kategori. I spørsmål om kven som skulle få stemmerett i Noreg i 1814, var til dømes det å vere kvinne diskvalifiserande fram til 1913. Kjønn som «merkelapp» er her eit avgjerande vilkår for politisk deltaking.
I dag avgjer det kjønnet du vert «merka» som, kva slags fotballag du skal spele på og kva slags toalett du skal gå på. Det verkar også inn på kva slags forventningar du møter hos andre om korleis du skal oppføre deg, kle deg, eller kva for slags interesser du skal ha. Desse forventingane er uttrykk for kjønnsnormar. Ei norm seier noko om kva som er vanleg eller ønskeleg oppførsel.
I forsking kan kjønn nyttast som kategori for å forstå skilnader mellom kvinner og menn, eller jenter og gutar. I slik forsking er kjønn ein variabel. Denne type forsking undersøkjer til dømes ulike skuleresultat for jenter og guter, eller skilnader i deira oppleving av russetida. Når me tek i bruk kjønn som variabel på denne måten kan me nytta både kvalitative og kvantitative metodar for å seie noko om tendensar for kategoriane me lager.
Tokjønnsmodellen
Stemmerettskampen fortel til dømes om systematisk og strukturell urett og ulikestilling mellom to kjønn. Ulikestilling er ei skeiv fordeling av makt og ressursar, slik som til dømes ulik lønn eller manglande representasjon i leiarposisjonar. Forsking på likestilling med utgangspunkt i forskjell mellom to kjønn kallar me tokjønnsmodellen. Denne modellen er viktig for å synleggjere ubalanse mellom menn og kvinner som sosiale grupper, men forklarer ikkje eller tek omsyn til, variasjon innad i kjønnskategoriane, eller i kjønnsroller, seksualitetar og kjønnsuttrykk
Normer for kjønn og seksualitet i ein tokjønnsmodell kan også avgjere sosial deltaking. Fram til 1972 var det til dømes forbode for menn å ha sex med andre menn i Norge. Dette forbodet syner korleis kropp og kjønn inneheld ei samfunnsforventing om ei tilhøyrande heteroseksuell seksualitet, og om at attrå alltid følgjer eit kjønnsbestemt mønster. Ei slik forventning kallar me heteronormativitet. At skeiv seksualitet no er formelt likestilt med heteroseksualitet i lovverket, har til dømes ikkje endra på heteroseksualitet som ei sterk sosial norm.
Å gjere kjønn, ikkje vere kjønn
Me kan også forske på kjønn som kategori, og kva slags meining eller betyding det har å vere jente, gut eller kjønnskreativ, har i ulike kulturar og i ulike samanhengar. I slike undersøkingar nyttar me oss gjerne av kvalitative metodar og historiske perspektiv for å finne ut kva slags oppfatningar folk har, eller har hatt, om kjønn, kjønnsforskjell eller seksuelle orienteringar. Korleis me forstår kjønn og teoriar om kjønn, endrar seg over tid. Dette speglar seg i normer og lovverk som sikrar politisk, sosial og kulturell representasjon. Kjønn er med andre ord ikkje berre noko ein er eller har, men noko som skapast eller gjerast.
I følgje kjønnsforskaren Judith Butler er me alle med på «å gjere kjønn», både vårt eige, og gjennom korleis me identifiserer og forventar kjønn av andre. Kjønn som identitet vert vidareført på særskilde måtar: me «kjønnar» oss sjølve og andre. Dette kallar Butler for at kjønn er performativt. Dette er særleg synleg i barneskulen, der barna ofte byggjer sterke og avgrensa kjønnskulturar med sine eigne «reglar» for korleis guter og jenter skal oppføre seg. På ungdomsskulen endrar det seg, og seksualitet blir viktigare for korleis kjønn «gjerast».
Kjønn som system
Infrastrukturar og lovverk i samfunnet «kjønnar» også, i likskap med normer og forventningar til kjønn. Dette er med på å skape eller produsere meining og oppfatningar om kjønn og seksualitet som særskilde merkelappar, kategoriar og identitetar. Eit døme på dette er at det i Norge i dag går an å skifte juridisk kjønn utan at du har gjort kirurgiske inngrep i kroppen. Det var ikkje mogleg før, og viser ei endring i korleis kjønn vert behandla i lovverket.
Å forske på kjønn som kategori, eller system, gjer det mogleg å analysere vilkåra for å gjere kjønn, og å forstå brot på etablerte kjønnsroller og -mønstre. Slike brot kan vere frigjerande, og kan løyse merkelappane på kroppen frå fastlagde forståingar. Men å bryte med strukturelle vilkår er òg risikabelt. Seksuelle minoritetar, slik som homofile, lesbiske og transpersonar, er framleis meir utsette for hatkriminalitet og, i fleire land, straffeforfølging.
Forsking på folk som høyrer til seksuelle minoritetar eller kjønnsminoritetar sine levekår viser at desse gruppene har særskilde utfordringar på grunn av marginalisering og diskriminering i samfunnet. Samstundes er dette eit felt der det har skjedd omfattande samfunnsendringar dei siste åra, noko som gjer at ulike oppfatningar om kva som er normalt og bra kan leve side om side.
Det personlege er politisk
Å forske på kjønn og seksualitet kan avdekkje korleis spørsmål om individ og samfunn heng saman. På 1970-talet kom slagordet «det personlege er politisk» for å synleggjere korleis spørsmål om, til dømes, vald i heimen ikkje berre er eit problem for enkeltpersonar, eller den einskilde familien, men ei utfordring for heile samfunnet.
I kjølvatnet av dette slagordet har me fått meir kunnskap om korleis nokre kroppar og identitetar oftare vart råka av ulikebehandling. Dette kan til dømes vere direkte diskriminering, der merkelappar som kjønn og seksualitet er årsaka til ulikebehandlinga. Tradisjonar, strukturar og praksisar som er antatt nøytrale, kan også fungere indirekte diskriminerande for nokre menneske og grupper. I slike tilfelle kan det vere vanskelegare å få auge på systematisk forskjellsbehandling, mobbing og trakassering.
Interseksjonalitet
Overgangen til likestillings- og diskrimineringslova i 2018 fortel at ulikebehandling på grunn av kjønn no er satt i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag, slik som seksuell orientering, rase, klasse, funksjonsvariasjon, alder og religion. At ulike identitetskategoriar, merkelappar, heng saman og påverkar kvarandre, kallast interseksjonalitet. Dette omgrepet er nyttig for å analysere korleis nokre kroppar vert merka som forskjellege eller som annleis på meir enn ein måte, og korleis ulike former for diskriminering kan tre i kraft på same tid. Sjølv om det er lett å tenkje at me eig definisjonsmakta over eigne liv, så viser kjønnsforskinga at det finns strukturelle vilkår som kan ligge til grunn for både moglegheiter og handlingsrom. I så måte er det gamle slagordet om at det personlege er politisk framleis aktuelt.
Oppsummering:
- Kjønn er både en identitet og en merkelapp vi setter på hverandre.
- Kjønn bringer med seg en rekke forventninger til væremåte, interesser og uttrykk. Dette kalles kjønnsnormer.
- Selv om vi formelt er likestilt i Norge er det ikke alltid lovendringer blir etterfulgt av endringer i normer.
- Kjønn og seksuell identitet kan være sensitive tema som påkrever forskerens forsiktighet. Les mer om det her: /forskningsetikk/ sårbare personer
Litteratur og kilder
Annfelt, T., Andersen, B. & Bolsø, A. (Red.). (2007). Når heteroseksualiteten må forklare seg. Tapir Akademisk Forlag.
Svendsen, S. H. B. (2020). Forord. I Butler, Judith (2020). Kjønn, performativitet og sårbarhet. Cappelen Damm Akademisk.
Danielsen, H. & Larsen, E. (2015) Likestillingslandet Norge. I Danielsen, H. & Larsen, E. & Owesen, . (Red.), Norsk likestillingshistorie (s. 186-223 ). Fagbokforlaget.
Eggebø, H. & Stubberud, E. (2016). Hatefulle ytringer. Delrapport 2: Forskning på hat og diskriminering, ISF Rapport 2016: 15. Institutt for samfunnsforskning.
Gressgård, R. (2013). Interseksjonalitet. Tidsskrift for kjønnsforskning, 37(01), 64 – 67.
Holst, C. (2017). Hva er feminisme? (2. utg.). Universitetsforlaget.
Jegerstedt, K. (2008). Judith Butler. I Mortensen, E. et al. (Red.). Kjønnsteori (s. 74-86). Gyldendal akademisk.
Mohanty, C. T. (2007). Under et vestligt blik: Feministisk forskning og koloniseringsdiskurser. I Søndergaard, D. M. (Red.). Feministiske tænkere: En tekstsamling (s. 217-251). Hans Reitzels forlag.
Mühleisen, W & Jørgen L (Red.). (2006). Kjønnsforskning: En grunnbok. Universitetsforlaget.
Nielsen, H. B. (Red.). (2014). Forskjeller i klassen: Nye perspektiver på kjønn, klasse og etnisitet i skolen. Universitetsforlaget.
Søndergaard, D. M. (1996). Tegnet på kroppen: køn: koder og konstruktioner blandt unge voksne i Akademia. Museum Tusculanum Press.
Sist endret:
Publisert:
Redigert av:
Oda E. Wiese Tvedt
Skrevet av: