Sensitive tema

Tema som angår folk si kjensle av kven dei er, kan vere sensitive. Foto: Colourbox / Pavlo Vakhrushev

I denne delen av forskingsressursane finn de tekstar om tema som reknast som sensitive. Kva kjenneteiknar denne gruppa tema?

At ein kan forske på alle moglege tema, ser ein tydeleg i alt som allereie finst av forsking: Det er nær sagt heilt usannsynleg at du kjem på eit tema eller eit område for di eiga forsking som andre ikkje har forska på før deg – men kor ditt forskingsarbeid kan bidra med viktig, ny kunnskap. Men det som òg er sikkert, er at ein ikkje går fram på same måte i forskinga si uavhengig av kva tema ein har valt seg ut, og kva problemstilling ein har. Éin ting er sjølvsagt kva metode ein vel og korleis ein legg fram resultata av forskinga i teksten sin. Her er det store variasjonar mellom fagtradisjonane. Noko anna er kva omsyn ein må ta i møte med det ein forskar på. Etiske omsyn må ein ta uansett kva ein forskar på, men her finn de tekstar om tema kor det ofte er naudsynt å trå ekstra varsamt, og som av den grunn kan vere utfordrande å forske på.

Kva gjer eit tema sensitivt?

«..Det som karakteriserer sensitive tema, er at de lett kan forårsake følelser som ubehag, fornærmelse eller sinne.»

Goldschmidt-Gjerløw, B. et al. (2022) s. 14

Det alle temaa som er omtala her har til felles, er at dei omhandlar ulike gruppe menneske og deira sjølvkjensle, og ulike formar for menneskeleg tankar, åtferd og livstilhøve. Felles for alle temaa er at det kan vere knytt sterke kjensler til dei. Skal ein forstå kva som gjer eit tema sensitivt, må ein ofte sjå det i lys av menneska det gjeld si kjensle av kven dei er – på eit meir grunnleggjande og djuptgripande sett enn om dei til dømes er fan av Star Wars eller Brann-supporterar. Ein må òg sjå på makttilhøva i samfunna desse menneska lev i – både i no- og fortida – og deira relasjon til samfunnet elles. Kort sagt: Når eit tema på ein eller annan måte angår folk sin identitet og måten dei lev liva sine på, kan det bli rekna som sensitivt.

Elevforsking på sensitive tema

Gjennom dei over 20 åra Holbergprisen i skolen har eksistert, har mange elevprosjekt utforska fleire av dei ulike sensitive temaa de finn tekstar om her. I prosjektdatabasen vår (LENKE) finn de mellom anna forskingsartiklar om sosial klasse og urfolk og minoritetar, som er blant tema de finn tekstar om her. Av prosjekt kor elevane har sett på urfolk- og minoritetsspørsmål, har vi «Kven er ikke kven – kvenenes stillfarne kamp for anerkjennelse» og Reindriftas påvirkning på psykisk helse. I forskningsprosjektet «Deltakelse i fritidsaktiviteter» forklarar eleven delar av funna sine med å vise til sosial klasse og ulike formar for kapital. Eit anna sensitivt tema, som ein ofte må sjå i lys av sosial klasse, er helse. Forfattaren bak vinnarprosjektet i 2025, «Men du ser ikke syk ut», utforskar dette temaet i si forsking på ME-pasientar sitt møte med det norske helsevesenet. 

Faktaboks

  • Sensitive temaer kan vekke sterke kjensler som ubehag og sinne, og kan gjere folk fornærma.
  • Slike tema omhandlar ofte menneske sin identitet, livsstil og sosiale tilhøve, og ein må forstå dei i lys av maktrelasjonar og samfunnskontekstar.
  • Sjølv om ein må ta etiske omsyn i all forsking, krev sensitive tema ekstra varsemd og omsyn.
  • Fleire elevprosjekter skrive som ein del av Holbergprisen i skolen har utforska sensitive tema som sosial klasse, urfolk og minoriteter, og psykisk helse.

Oppsummeringa er laga av KI-tenesten CoPilot. Innhaldet er kvalitetssikra av Holbergprisen i skolen sitt sekretariat før publisering.

Litteratur og kilder

Goldschmidt-Gjerløw, B. et al. (2022). Kontroversielle, emosjonelle og sensitive tema i skolen. Universitetsforlaget.